VEDTEKTER FOR
KULTURPRISEN FOR VOLDA
Vedtekne av Volda kommunestyre i møte 30.12.91, i sak 183/91. Ajourført pr. 10.09.96 som følgje av vedtekne endringar i nemndstrukturen.
Ajourført pr. 02.01.2006
Kulturprisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem, denne kommunen til gode.
Kulturprisen kan ikkje delast ut post mortem.
Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan framjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftlege, og helst med grunngjeving for framlegget. Driftsstyret kan vurdere andre kandidatar enn det som er kome framlegg om.
Framlegget vert lagt fram for driftsstyret, maksimalt 5 -fem- påfylgjande år, evnt. med tilsvarande justering, dersom det vert fremja på nytt.
Dette gjeld ikkje for kandidatar som er avdøde.
Det skal ikkje knytast særlege vilkår for korleis mottakaren nyttar prisen. Vedtak vert gjort slik at den som vert tildelt prisen har fleirtal av røystene, evntuelt ved omval mellom dei som har fått fleire røyster. Ved likt røystetal vert prisen ikkje utdelt.