FLYKTNINGGUIDE
Vil du bli kjent med nye menneske?
Vil du bruke litt av di tid til å gi nyinnflytta flyktningar ein betre start i Volda? Vil du vere med på å orientere
flyktningane om det norske samfunnet? Kan du noko om utdanning, yrkeslivet og lokale fritidsaktivitetar?
Er du interessert i å lære meir om deira bakgrunn og kultur? Vil du bidra til haldningsendringar i det norske
samfunnet?
Ta utfordringa – bli flyktningguide!
Ved utgangen av mars 2004 hadde 21 flyktningar i Volda flyktningguide. Flyktningguide er eit samarbeidstiltak
mellom Volda Røde Kors, frivilligsentralen og innvandrarkontoret, og har som formål å skape kontakt mellom
nyinnflytta flyktningar og lokalbefolkninga i Volda. Gjennom ei slik kontakt kan flyktningane byggje verdfulle
sosiale nettverk.
Eit nytt land, ein ny kultur, eit nytt språk, ein ny kvardag, nye mogelegheiter og nye krav. Dette er kvardagen for
mange flyktningar som kvart år kjem til Noreg.
Som nyinnflytta til Volda kan det vere vanskeleg å kome i kontakt med lokalbefolkninga. Som frivillig flyktningguide
kan du gjere noko med den manglande kontakten mellom nye og meir etablerte innbyggjarar. Di oppgåve som guide
er å fungere som eit bindeledd til lokalmiljøet. Flyktning og guide vert kopla saman med bakgrunn i at dei har noko til
felles: Fritidsinteresser, yrke, utdanning, familiesituasjon m.m.
Flyktningane har nyleg fått innvilga opphaldsløyve i Noreg, og fått Volda som busetjingskommune. No har dei behov
for orientering om lokale forhold, for sjølve å kunne ta seg fram steg for steg. Di oppgåve er å orientere, der han/ho
har behov for det.
Di orientering vil bevisstgjere den einskilde om mogelegheiter, rettar og plikter i Noreg. Slik kunnskap vil gi auka
mogelegheiter for at flyktningane kan bidra med sine ressursar på lik line med resten av lokalbefolkninga.
I fellesskap kan de byggje sosiale nettverk. Å ha eit nettverk er viktig i arbeidet med å lære eit nytt språk, skaffe
seg jobb og utdanning. Kva kan dokke gjere saman? Eit kafèbesøk, gå på kino, ta ein spasertur eller ta del i andre
fritidsaktivitetar? Kanskje snakke om arbeidslivet, jobbsøking og utdanning i Noreg?
Saman kan vi fremje integrering og leggje til rette for at flyktningane kan trivast. Vegen inn i det norske samfunnet
går gjennom kontakt med menneske som bur her. Flyktningar vil lære mykje om oss, og du vil lære mykje om den
einskilde sin bakgrunn og kultur.
Kontakt:
Frivilligsentralen i Volda, tlf. 70078838, e-post: frisentvolda@c2i.net
Innvandrarkontoret, tlf. 70058711, e-post: nina.kvalen@volda.kommune.no
eller tlf. 70058738, e-post:
heidi.wiik@volda.kommune.no
eller
astrid.berild@volda.kommune.no
Koplingar/lenker: