
FOLKEHELSEARBEIDET I
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune er med i partnarskap med Møre og Romsdal fylke om God helse.
Satsingsområda for God helse er:
fysisk aktivitet
kosthald
rus
tobakk
psykisk helse
2005 har fysisk aktivitet og
Friluftslivets år som prioritert satsingsområde i Volda. Alle fem satsingsområda
kjem
naturleg inn under ulike tiltak som vil bli sett i verk i løpet av året.
Berit Koen er tilsett i 60% stilling som folkehelsekoordinator. Ho er utdanna førskulelærar, adjunkt, har to-årig informasjon/kommunikasjonsutdanning og arbeider med masteroppgåve i samfunnsplanlegging.
Folkehelsekoordinator si oppgåve er å
koordinere ulike tiltak for alle aldersgrupper i kommunen. Eit nært samarbeid
med lag og organisasjonar, privat og offentleg verksemd og folk flest i
lokalsamfunnet vil vere vesentleg for å skape
trivsel og livskvalitet for alle.
Folkehelsearbeidet i Volda arbeider med følgjande tiltak:
Grorabladet. Opplysningsspalte for livsstil, helse og trivsel i Volda kommune.
Denne opplysningsspalta kjem i lokalavisa Møre annakvar laurdag, eller oftare ved behov
TrilleTUR for småbarnsforeldre, med
start frå helsestasjonen kvar torsdag kl.11.30
Plakat (pdf-format)
Brosjyre (pdf-format)
Friluftslivets år, med opning på Volda
skisenter 30.januar
10 turmål skal gjennomførast i perioden
1.mai-30.september og andre tiltak knytt til friluftsliv for alle
Registreringskort 10 turmål
(pdf-format)
Aktiv i Volda - lette aktivitetar for
alle innbyggjarar frå 18 år og oppover som
treng hjelp til auka fysisk aktivitet og endring av livsstil i lag med andre.
Les meir
Nye tiltak er under planlegging og vil bli oppdatert på sida her etterkvart