VOLDA BRANNVERN - BEREDSKAPSAVDELINGA

Volda brannvern, eller "brannkorpset" som det heitte i oppstartinga, vart skipa 21/1 1891 . Dei 
var då 64 mann fordelt på 3 kompani og hadde ansvar for 64 hus i Volda sentrum.

Volda kommune skal i dag drive brannvernarbeid etter "Lov om vern mot brann, eksplosjon m.v" 
av 14 juni 2002 nr.20. Denne lova seier at brannvernet i tillegg til brannslokking også skal vere 
innsatsstyrke ved andre akutte ulukker.

I brann- og redningsoppdrag prioriterar brannvernet slik:

  1. menneskeliv
  2. dyr
  3. miljø
  4. matrielle verdiar

Beredskapen består i dag av totalt 55 personar fordelt slik:

Brannsjef  Svein Arnesen
Varabrannsjef/brannmeister Roy Inge Heltne

Sentrum stasjon: 20 mann + 3 reserve

Fyrde, Straumshamn, Steinsvik og Dravlaus branndepot har 8 mann kvar.

Alle unnateke brannsjefen og brannmeisteren, er tilsett i deltidsstillingar på rundt 1% og har såleis 
anna arbeid som hovudnæring

Ved sentrum stasjon, som har hovudstyrken, har mannskapa 4-delt vaktordning.
Eit vaktlag består av overbefalsvakt, sjåfør, utrykningsleiar/røykdykkar, røykdykkar og brannkonstabel.
Ved brannalarmar vert det oftast kjørt full alarm slik at dei som har frivakt også
møter opp om dei er tilgjengelige.

Vaktlaget har krav om 4 minutt oppmøtetid på dagen og 6 min. om natta.

Opplæring:
Bygdedepota har 6 øvingar i året og sentrumsmannskapa 10. I tillegg har røykdykkarane 4 øvingar. 
Volda brannvern har prioritert utdanning av mannskapa
tilknytta hovudstyrken høgt. Alle har gått gjennom grunnutdanninga som består av
brevkurs og fem dagar ved eit godkjennt øvinganlegg. Fleire har gått gjennom grunnkurs og befalet 
befalskursa som vert arrangert av Norges Brannskule.

I tillegg får røykdykkarane særskilt opplæring gjennom kurs arrangert spesiellt for dei
og årlige varme øvingar i Ålesund.

Seinare åra har kurs og samlingar i regi av UF gitt mannskapa opplæring på tvers av
etatane i redningstenesta lokalt, noko som har auka kunnskapane og styrka sammarbeidet enno meir.

Utstyr:
Alle bygdedepota disponerar ein utrykningsbil, pumper, slangar og anna nødvendig
brannsløkkingsutsyr for å kunne gjere ein førsteinnsats inntil hovedstyrken er på plass.

Ved hovudstasjonen i sentrum består utstyret av:

Mercedes branbil med 3000 liter vatn og 200 liter skum samt anna brannmateriell.
Tankbil med 12000 liter vatn
Befalsvaktbil som vakthavande befal køyrer direkte til staden med.
Dodge med 600 liter vatn.
Motorpumpe.

I tillegg disponerar brannvernet redningsbilen som er eigd av Volda Røde kors.
Denne inneheld frigjeringsutstyr særskilt for bruk ved trafikkulukker og mykje
førstehjelpsmatriell for bruk ved større ulukker og katastrofar.

Samarbeid:
Volda brannvern har lagt stor vekt på samarbeid på tvers av fagetatane innan redningstenesta i Volda.

Vi har dag eit svært godt samarbeid med politi, ambulanseteneste, Røde kors, flyhavaritenesta og 
Ørsta brannvern. Det vert jamnleg halde øvingar der fleire av etatane arbeiar i lag for å løyse oppgåver.

Sivilforsvaret er ein vesentleg resurs som kan tilkallast ved store ulukker og brannar.

Akutt forureining:
Volda kommune er medlem av IUA (Interkommunalt utvalg mot akutt forureining).

Brannvernet i Volda har sjølve avgrensa mulegheiter til å kunne handtere ulukker med akutt forureining. 
IUA har hovudsete og depot ved Ålesund brannstasjon, og mannskap som er særskilt opplærde til å ta 
seg av slike ulukker på heile Sunnmøre.