ORDFØRAR ARILD IVERSEN (KRF)

E-postadresse: arild.iversen@volda.kommune.no

 


 

 
 
 
 

I næringsplanen og i kommuneplanarbeidet har Volda kommune sett seg denne målsettinga:

Volda skal vere ei av dei beste kommunane i landet å leve og arbeide i gjennom tilbod for alle aldrar, kjønn og behov.

Med over 350 lag og organisasjonar, 11 grunnskular, vidaregåande skule og høgskule er Volda eit kultur- og skulesenter på Nord-Vestlandet.

Volda kommune ligg sentralt på Nord-Vestlandet. E39 går gjennom Volda og vi har godt samband til Austlandet både over Stryn og Åndalsnes. Køyretida til Ålesund er berre 1 ½ time. Volda/Ørsta har flyplass. Jordbruk har frå gamalt vore hovudnæringa, men i dag er servicenæringane dominerande - særleg innan helse, utdanning og forsking.

Volda har eit blømande kulturliv der organisasjonane innan song og musikk og idrott er særleg aktive. Her er m.a. kunst- og musikkskule for born og unge og ungdomsklubb. Dei har vore satsa bevisst på tomteareal og barnehageutbygging. Volda har no byggeklare tomter i mest alle bygdene og vi har full barnehagedekning.

Våren 2004 tok Volda kommune i bruk eit nytt omsorgsenter med 76 sjukeheimsplassar og 24 omsorgsbustadar.

Volda kommune sine heimesider vil vere eit godt reiskap for deg som vil orientere deg om tilboda Volda kommune har - og som du har høve til å nytte deg av. Det er såleis ei stor glede for meg å få sende deg ei helsing gjennom kommunen sine heimesider og at vi kan få presentere Volda på denne måten. Vi vonar at du finn sidene interessante og brukar dei. Dersom du har spørsmål utover det heimesidene kan svare på, ta kontakt med oss. Vi ønskjer kontakt og samarbeid for å gjere Volda til ein endå betre stad å bu og arbeide i.

Ved felles innsats skal vi nå den ambisiøse målsettinga vi har sett oss.