VOLDA OMSORGSSENTER
HEIMETENESTENE
 
 
 
 
 
 
 

Omfattar heimehjelp, heimesjukepleie, utlån av enkle hjelpemiddel, tryggleikstelefon.

Heimetenesta i Volda yter heimesjukepleie og heimehjelp til eldre og pleietrengande i kommunen. Heimesjukepleien yter tenester som til dømes stell og pleie, medisinering, tilrettelegging av måltid, sårstell, tilsyn og oppfølging m.m. Tenesta er delvis døgnbemanna i sentrum, og ved tre av omsorgsboligane. Heimesjukepleien har eit nært samarbeid med legetenesta, apotek, og har tverrfaglege samarbeidsmøter med dei andre avdelingane
i pleie og omsorg, samt Helse Sunnmøre.

Heimehjelpstenesta yter praktisk hjelp i heimen til nødvendig vask av bruksareal.

Heimetenesta i Volda er inndelt i fire geografiske soner, og består av leiar og nestleiar, samt sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og heimehjelper.

Vi nyttar Gerica som datasystem.

Sjå kart over Volda sentrum som viser soneinndelingane. (kart i pdf-format)

 

SONE 1:
Grensar frå Øyraelva frå fjorden til Årnesvegen, Røyslid/Heltne og Klepp ned til grensa til Omsorgssenteret og Gymnasvegen. Har også Lauvstad frå Velsvik til Innselset. Ved Stormyra 6, "Legeloftet", er det 18 ubemanna omsorgsleiligheter. Har omlag  90 brukarar. Sona har 10,59 årsverk.

SONE 2:
Grensar frå sone 1 sentrum v/Øyraelva frå Årnesvegen og Vikebygda, Rotset og vidare til Austefjorden t.o.m. Kalvatn og Høydalen. Har 24 døgnbemanna omsorgsleiligheter på Barstadmarka, samt 4 ubemanna psykiatrileiligheter i Kleppevegen. Har omlag 95-100 brukarar. Sona har 19,2 årsverk.

SONE 3:
Grensar frå Sanitetshuset/Gamlevegen til Storgata, Ottamarka v/Omsorgssenteret. Området frå Bjørkedalen, Folkestad til Åmelfot. På Fjordsyn er der 15 delvis bemanna omsorgshyblar, samt 13 ubemanna omsorgsleiligheter på Severinhaugen. På Folkestadtun (Folkestad) er det 13 døgnbemanna omsorgsleiligheter. Har omlag 95-100 brukarar. Sona har 14,9 årsverk.

SONE 4:
Grensar frå Sanitetshuset og ut til og med Berkneset, samt Yksnøya. Har 28 døgnbemanna omsorgsleiligheter/- hyblar på Mork bustader/Nilletun. Har omlag 65 brukarar. Sona har 11,22 årsverk.