Nytt frå Volda kommune

Publisert av: Arne Eliassen
Dato:             18.01.05

AUKA BRUK AV VOLDA KOMMUNE SINE HEIMESIDER

Statistikken viser at fleire og fleire nyttar Volda kommune sine heimesider.

Sidan vi mottok den første statistikken i veke 29 i 2004, har 24140 personar vore innom sidene. Heimesidene vart tekne i bruk i mai 2004, men det ligg ikkje føre statistikk for dei 10 første vekene.

Dersom vi reknar årsverknad for talet ovanfor, vil knapt 43000 personar ha vore innom sidene.

Tendensen er likevel slik at bruken har auka noko dei siste vekene og vi vonar difor å passere 50 000 vitjingar i 2005.