Nytt frå Volda kommune

 

Publisert av: Arne Eliassen
Dato:             30.09.04

ARBEIDSLØYSETALA FOR SEPTEMBER 2004

Arbeidsløysetala frå Aetat for Volda kommune for september månad viser at 126 personar var heilt utan arbeid (81 menn og  45 kvinner).

Dette er ein nedgang frå august månad på 30 personar.

Dei ledige utgjer 3,1 prosent av den totale arbeidsstyrken (3,9 % i august)

I Møre og Romsdal fylke var 3,6 prosent av den totale arbeidsstyrken heilt utan arbeid, ein nedgang på 0,5 frå månaden før.

Tilsvarande tal for heile landet var 3,8 prosent.

I Ørsta kommune var 205  personar heilt utan arbeid i september månad, dvs. 4,0 prosent av den totale arbeidsstyrken. Ein auke på 1 person frå august  månad.