Nytt frå Volda kommune

 

Publisert av: Arne Eliassen
Dato:             28.10.04

ARBEIDSLØYSETALA FOR OKTOBER  2004

Arbeidsløysetala frå Aetat for Volda kommune for oktober månad viser at 124 personar var heilt utan arbeid (83 menn og  41 kvinner).

Dette er ein nedgang frå september månad med 2 personar.

Dei ledige utgjer 3,1 prosent av den totale arbeidsstyrken, det same som i september.

I Møre og Romsdal fylke var 3,5 prosent av den totale arbeidsstyrken heilt utan arbeid, ein nedgang på 0,1 frå månaden før.

Tilsvarande tal for heile landet var 3,7 prosent.

I Ørsta kommune var 190  personar heilt utan arbeid i oktober  månad, dvs. 3,7 prosent av den totale arbeidsstyrken. Ein nedgang med 15 personar frå september  månad.