Nytt frå Volda kommune
Publisert av: Roger Nedreklepp
Dato:
31.01.05
SETT HJORT - NYTTIG REIDSKAP I HJORTEFORVALTNINGA
2004 er første året alle hjortevalda i kommunen skulle rapportere "Sett hjort" under hjortejakta. I 2003 var eit "prøveår" då berre enkelte vald fekk tilbodet om å bruke skjemaet.
Ikkje alle valda har sendt inn skjema, men gledeleg mange har gjort det, og dette må verte ei god rutine for samtlege vald for ettertida.
Skal ein få verkeleg god og sikker utbytte av innsamla data må flest muleg gjere det og over lang tid.
Hensikta med "Sett hjort" er å hente inn data i samband med hjortejakta ; Kor mange jegerar er på jakt, kor mange dyr ser ein fordelt på kategori dyr, tidsforbruk i timar og ikkje minst kva dyr ein feller og vekta av desse.
Desse type data vil verte verdfulle for hjortevilt forvaltninga over tid, både for det enkelte vald og for kommunen som ansvarleg mynde. Over tid vil ein sjå ei utvikling av dyretettleik, slaktevekter o.l, om denne er stabil eller i endring – og båe deler fortel om eit resultat.
Nokre nøkkeltal frå data komne inn frå "Sett hjort" 2004, grunnlag 171 dyr.
Slaktevekter pr. kategori:
|
KATEGORI DYR |
VEKT KG |
|
Hannkalv |
29 |
|
Hokalv |
25 |
|
Bukk 1 ½ år |
53 |
|
Kolle 1 ½ år |
50 |
|
Eldre bukk |
85 |
|
Eldre kolle |
59 |
Det er stor skilnad på ressursbruk og dyretettleik i høve til felte dyr på valda. Eit utdrag frå tilfeldige vald frå jakta 2004 viser det:
Timar pr. felling/Sett hjort pr. felling.
|
Vald |
Timar jakt pr. felling |
Sett hjort pr. felling |
Dyr felt på valdet |
|
1. Lid, Berknes, Eidheim |
9,5 |
10,5 |
17 |
|
29. Bjørkedal Nøre |
5,2 |
11,1 |
14 |
|
35. Gjersdal,Engjab. |
7,8 |
8,7 |
9 |
|
43.Steinsvik, Vassb. |
10,1 |
10,0 |
8 |
|
34. Sunndal |
11,3 |
29,1 |
7 |