Nytt frå Volda kommune
Publisert av: Arne Eliassen
Dato:
16.11.04
RAPPORTEN OM KOSTNADSANALYSE OG KOSTNADSTILPASSING ER LAGT FRAM FOR FORMANNSKAPET
Rapporten "Kostnadsanalyse og kostnadstilpassing i Volda kommune" vart i går
presentert for formannskapet.
Konsulentfirmaet Asplan Analyse har, i nært
samarbeid med administrasjonen i kommunen, utarbeidd rapporten, som har
eit innsparingspotensiale på 26 millionar kroner i driftsbudsjettet med tanke på
delvis verknad for budsjettåret 2005 og full verknad frå budsjettåret 2006.
Sjølve innsparingane i driftsbudsjettet utgjer 16 millionar kroner fordelt på dei ulike tenesteområda. I tillegg ønskjer kommunestyret å setje av midlar til eit bufferfond på 7 millionar kroner og ytterlegare 3,2 millionar kroner for å sikre politisk handlefridom i handsaminga av framlegga.
Det seier seg sjølv at mange dei nedskjeringane som er lagt inn i rapporten vil får konsekvensar både for servicenivået og tenestetilbodet i kommunen. Det er likevel verdt å merke seg at nedskjeringane ikkje er vedtekne slik dei ligg føre i rapportdokumenta. Rapporten peikar berre på kvar det er mogleg å kutte og konsekvensen av dette. Sjølve gjennomføringa vert opp til politikarane i samband med handsaminga av budsjetta for 2005 og 2006.
I tillegg til budsjettkutta, har Asplan Analyse lagt fram eit notat om innføring eigedomsskatt og eit framlegg til nytt budsjettreglement.
Rapporten omfattar desse fire dokumenta: