Nytt frå Volda kommune

 

Publisert av: Arne Gotteberg
Dato:             27.09.04

TID FOR INFLUENSAVAKSINERING

Risikogrupper

Folkehelseinstituttet reknar at personar med hjarte- eller lungesjukdommar, personar med nedsett allmenntilstand og infeksjonsforsvar, bebuarar i alders- og sjukeheimar og personar over 65 år bør la seg vaksinere. For personar over 65 år gjeld det særskilt dei som har andre sjukdommar og der helsetilhøva er svekka.

Nye variantar influensavirus

Kvart år dukker det som regel opp nye variantar av influensavirus, seier Gotteberg Desse oppstår ofte i det fjerne Austen der mennesker og husdyr har svært nær kontakt. Når virus frå husdyr, t.d kylling eller andre fjørkre kjem i kontakt med menneskelege virus, oppstår ofte forandringar som gir nye virus variantar. Mot desse har menneska ikkje nokon naturleg immunitet, og med varierande intervall oppstår ekstra sterke verdensomspennande epidemiar, kalla pandemiar, som t.d Spanskesyka i 1918-19.

Når den neste pandemien kjem, og kor alvorleg den blir, veit ingen.

Årets vaksine

Ved årest vaksine vert ein vaksinert mot virusstammene A/New Caledonia (99), A/Fujian (02), A/Wyoming (03) B/Shanghai (01), B/Jiangsu (03) Årets vaksine er svært forskjellig frå fjorårets.

Åpne vaksinasjonsdagar

Som før organiserer Volda kommune, helseavdelinga åpne vaksinasjonsdagar utan timeavtale på Helsestasjonen i Rådhuset. Dei åpne vaksinasjonsdagane startar i slutten av denne veka, og det blir ein oppsamlingsdag i slutten av neste veke. Det blir vist til annonse om vaksinasjonstilbudet i Møre. Utover dette blir det tilbydd vaksinering ved Volda Legesenter for dei som elles har time der. Bebuarar i kommunale institusjonar vil bli vaksinerte av PLO-tenestene.

Utover vaksinering mot influensa

Fleire eldre bør vurdere å la seg vaksinere.

WHO meiner at fleire eldre og fleire i risikogruppene bør vaksinerast. I Norge er det berre 30% i risikogruppene som lar seg vaksinere. Dette er under dei fleste andre land i Norden og i resten av Europa WHOs målsetjing er å oppnå ein vaksinasjonsdekning på minst 50% for den eldste delen av befolkninga innan 2006 og 75% innan 2010. Denne målsetjinga har Volda kommunestyre slutta seg til gjennom vedteken Smittevernplan.

 

Sjå annonser i Møre 28.09.04 og 30.09.04 eller her