Nytt frå Volda kommune

Publisert av: Roger Nedreklepp
Dato:              13.12.06

REKORDARTA HJORTEJAKT

Hjortejakta i Volda kommune for 2006 er rekordarta, og med det er den førre rekorden frå 1997 sletta, då vart det felt 385 dur i Volda mot 397 i år. Fellingsprosenten – prosent felte dyr i høve til kvote – er på 80, noko som ein er godt nøgde med, berre i 2004 har vi hatt tilsvarande prosent. Dei siste 10 åra denne variert mellom 65 og 75 prosent.

Det vart i 2006 felt 53 % hanndyr og 47 % hodyr i Volda.

 Utviklinga over felt hjort har i Volda – tilliks med regionen – vore formidabel dei siste femten åra, noko nedanståande oversyn viser.

 Felling av hjort i Volda kommune 1990 -2006:

År

1990

1992

1994

1996

1998

2000

2002

2004

2005

2006

Felling

142

181

254

348

377

341

374

367

351

397

 

Som ein ser, er det på 90-talet vi hadde ein eksplosjon av hjortestamma og med avskytinga – frå 1990 til 2000 auka avskytinga med 200 dyr eller ein auke på 140 %, eller ein auke på 180 % frå 1990 til 2006. Dei siste 10 åra derimot har stamma – i alle høve avskytinga - vore veldig stabil. Avskytinga har variert mellom 333 og årsresultatet på 397 dyr, dei fleste åra rundt 350 dyr – som midt på 90-talet. Det viktigaste både for viltforvaltninga og hjorevalda er likevel ikkje å felle mest mogleg dyr, men å forvalte fram ei robust stamme av friske dyr i god balanse mellom alder og kjønn.

Bygging av ei god hjortestamme er eit kontinuerleg arbeid, noko viltforvaltninga må terpe på igjen og igjen.

Avskytingsprofilen – kor stor prosent ein feller av kategoriane kalv, yngre/eldre hodyr, yngre/eldre hanndyr – er eit viktig parameter for uttaket i ei stamme, og denne profilen kunne nok vore betre òg i Volda. Ein grov regel er at ein feller 20 % kvar av desse kategoriane – avskytings resultatet etter kategori for Volda i år var

Kategori

Kalv

Kolle yngre

Kolle eldre

Bukk yngre

Bukk eldre

Tal / %

102/26

60/15

78/20

64/16

93/23

 

Som ein ser er det felt meir eldre dyr enn yngre dyr – dette kan vere rett - men valda må heile tida vere sikre  gode produksjonsdyr for å sikre ei best mogleg hjortestamme.

Forvaltningsmessig har ein hatt svært store endringar i hjorteforvaltninga dei siste åra – medan ein til sist på 90-talet hadde om lag 50-vald i kommunen, har ein i dag 22 vald/forvaltningsområde, og desse er av svært ulik storleik i areal og med det felling. Dette går fram av tabellen fellingsresultat 2006. Dei såkalla bestandsplanområda, ”storvalda”, har plan godkjend av kommunen og 3-årige avskytingsavtalar. Av kommunen sitt teljande areal for hjortejakt dekker no bestandsplanområda 75 %.