Nytt frå Volda kommune

Publisert av: Berit Koen
Dato:             19.01.06

AKTIV I VOLDA - LANSERING

Torsdag 19.januar lanserer Volda kommune det nye konseptet Aktiv i Volda.

Dette er eit samarbeidstiltak mellom Volda kommune, Volda legekontor, Lærings- og meistringssenteret Helse Sunnmøre og frivillige lag og organisasjonar.

Brosjyren Aktiv i Volda går i desse dagar ut til alle husstandar og verksemder i kommunen.

Ein aktivitetsplan syner oversikt over ulike aktivitetar innbyggarane kan vere med på i løpet av veka. Denne planen er ei terminliste som heile tida vil bli oppdatert . Nokre aktivitetar er avhengige av årstid, andre er under planlegging og fleire vil sikkert kome til.

I samband med Aktiv i Volda er det også utvikla ein Aktiv Resept som kan nyttast av t.d. lege, fysioterapeut, ergoterapeut, kiropraktor, psykiatrisk sjukepleiar m.fl. som eit middel til å endre livsstil og fremje god helse.

Les meir om Aktiv i Volda her.