Nytt frå Volda kommune

 

Publisert av: Arne Eliassen
Dato:             17.06.04

Saka om turveg langs Rotevatnet utsett i DFP 14.06.04

Det faste planutvalet (DFP) utsette sist mandag handsaminga av saka om turveg langs Rotevatnet frå Årneset til Vassbotnen. Jon Georg Dale (Frp) kom med forslag om at saka skulle utsetjast til etter at utvalet hadde vore på synfaring i området. Det faste planutvalet har ikkje fleire møter før sommarferien og saka kan difor tidlegast handsamast mandag 9. august 2004.