VIKARIAT

REKNESKAPSKONSULENT

 

I økonomistaben, seksjon rekneskap, vert det ledig eit vikariat frå om lag 01.12.2007.

 

Volda kommune nyttar i dag økonomisystemet Agresso Business World. 

Dette er eit windows-basert økonomisystem som er lokalt installert.  

Bruken vår av Agresso er i stadig utvikling med betre økonomistyring som det overordna målet.

I tillegg til kommunerekneskapen fører vi rekneskapane til Volda kyrkjelege fellesråd, dei 4 sokneråda i kommunen, Frivillegsentralen for Volda kommune og Søre Sunnmøre Regionråd.

Fleksibilitet og vilje til endring vil vere vesentlege kvalifikasjonar.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

 

Kvalifikasjonar:

 

Kommunen tilbyd:

 

Søknader skal sendast til:

Volda kommune, rekneskapsstaben, rådhuset, Stormyra 2, 6100 Volda

på kommunen sitt søknadsskjema vedlagt fullstendig CV. 

Skjemaet får ein ved å vende seg til servicekontoret på rådhuset, tlf. 70 05 87 00, eller det kan skrivast ut frå heimesida til Volda kommune http://volda.kommune.no (under ledige stillingar).

Vi bed om at CV’en også vert sendt elektronisk til

postmottak@volda.kommune.no merka ”SØKNAD VIKARIAT REKNESKAP”

Søkjarar  som vert innkalla til intervju, må legge fram kopi av vitnemål og attestar.

Interesserte kan vende seg til rekneskapssjef Gunnar L. Lillebø (tlf. 70 05 87 34) eller økonomisjef Henrik Skovly (tlf. 70 05 87 05) for nærare informasjon.

Søknader må vere Volda kommune i hende seinast 15.09.2007.