LEDIG  1/1 STILLING (VIKARIAT) SOM

VERNEPLEIAR MED NESTLEIARFUNKSJON

 

 

Tenesta for funksjonshemma avd. Bømarka har  ledig 1/1 stilling (vikariat) som vernepleiar med nestleiarfunksjon.

Stillinga er ledig frå  01.09.07 til 01.03.08.

Kvalifikasjonar: 3 årig helse/sosialfagleg høgskuleutdanning

 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar som:

·        evne til å arbeide sjølvstendig,

·        arbeidserfaring i forhold til brukarar med særskilde behov. (fysisk og psykiske utfordringar)

·        kommuniksjonsevne både skriftleg og muntleg, samt datakunnskap

·        føring av regnskap/økonomi

·        effektiv og ryddig

·        gode samarbeidsevner med positiv grunnholdning til arbeidet

·        vere fleksibel og kreativ.

·        kunne motivere og skape tillit.

·        vere pådrivar for å skape fagorientert og lojal personalgruppe

·        kunnskap og erfaring innan målretta miljøarbeid.

 

Turnus med arbeid kvar 3. helg.

 

Kontakt pleie- og omsorgsleiar for  nærmare opplysningar, tlf  70054002.

 

Søknadsfrist: 25.07.07