
LEDIG
STILLING SOM
VAKTMEISTER
Det er ledig stilling som vaktmeister i Volda kommune, for tida med tenestestad Bratteberg og Vikebygda skule.
Vi søkjer etter ein dyktig person med røynsle frå liknande arbeid.
Den som blir tilsett må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper, og intervju vil verte nytta i tilsetjingsprosessen.
Søkjaren bør ha fagbrev i relevante fag.
Vi tilbyr kommunal tenestepensjonsordning og ellers tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Interesserte kan få nærare informasjon ved å vende seg til eigedomsavdelinga v/leiar Knut Innselset, Volda kommune, tlf. 70058770.
Søknad på særskilt søknadsskjema med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til:
Volda kommune, Eigedomsavdelinga, Stormyra 2, 6100 Volda
Søknadsfrist 17.08.07