
LEDIG STILLING SOM
SOSIALKURATOR/MILJØTERAPEUT
Det vert lyst ut ei ledig fast stilling 80 % (50 % sosialkurator + 30 % miljøterapeut) i Volda kommune si sosialavdeling.
Stillinga vert ledig den 1. september 2007.
Stillinga vil i løpet av 4. kvartal 2007 verte overført til NAV Volda.
Rolle, tenesteinnhald, arbeidsområde og arbeidsoppgåver vert då endra som følgje av NAV.
Stillinga fører med seg teamarbeid anten i mottaket eller i langtidsoppfølginga.
Den som tek stillinga vert kommunalt tilsett i NAV Volda og underordna NAV–leiaren.
Kvalifikasjonar:
- minimum 3 – årig sosialfagleg høgskuleutdanning
- vegleiarkompetanse vil verte vektlagt.
- røynsle frå direkte brukararbeid
- kunne nytte seg av begge målformer og ha god data-forståing, særleg Socio.
- røynsle frå tverrfagleg - /tverretatleg arbeid
- ønskjeleg med røynsle frå arbeid i sosialtenesta
Ein vil legge stor vekt på personlege eigenskapar som å ha/vere:
- tydeleg, strukturert og resultatorientert
- fleksibel, sjå moglegheiter, løysingsdyktig
- evne til å motivere - /vegleie brukar
- kunne skape gode samarbeidsrelasjonar
Stillinga fører med seg heilt nye og utfordrande arbeidsoppgåver i ei utviklingsorientert teneste.
Vilkår:
Tilsetjing i Volda kommune etter gjeldande løn – og arbeidsvilkår.
Prøvetida er 6 månader.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å
vende deg til sosialleiar Anne-Lise Hånes (før 6.juli) eller
Gro Nordstrand Tødenes ( etter 9. juli) på tlf. 70058800.
Søknad med CV sendast til:
Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda
Søknadsfristen er fredag 20. juli 2007