Pleie- og omsorgsjef

Pleie- og omsorgsavdelinga

 

Ledig stilling som PLEIE- OG OMSORGSSJEF frå 1. april 2008

 

Pleie og omsorgsavdelinga har ansvar for tenestetilbod til funksjonshemma, eldre og psykisk sjuke. Avdelinga har 15 leiarar som har ansvar for dagleg drift av einingar i sjukeheim, heimetenester, psykiatri, dagsenter og sentralkjøkken.

Hovudarbeid er å legge til rette for dagleg drift og vidareutvikle pleie og omsorgstenestene ved plan-, personal-, økonomiarbeid og saksbehandling.

Pleie- og omsorgssjef rapporterer direkte til administrasjonssjefen og sit i hans leiarteam.

Kvalifikasjonar:

Vi treng ein person som har lyst til å leie ei samansett, spennande og utfordrande avdeling med om lag 180 stillingar fordelt på 300 tilsette. Avdelinga har eit godt fagleg nivå, prega av kreative tilsette med høg kompetanse og evne til omstilling. 

Fleire opplysningar får du hos administrasjonssjefen på tlf. 70058700 eller pleie- og omsorgssjefen på tlf. 70054000 

 

Søknad på Volda kommune sitt søknadsskjema sendast til:

Volda kommune, Rådhuset, 6100 Volda

Søknadsfrist 4.februar 2008