
LEDIGE STILLINGAR SOM
PERSONLEG ASSISTENT
Arbeidsoppgåver:
Praktisk arbeid ute og inne som enkelt husarbeid, snømoking osv, samt assistanse ved sosiale aktivitetar.
Arbeidstid:
4-5 timar pr. veke delt på 1-2 dagar i veka. Tider og dagar etter nærmare avtale.
Kvalifikasjonar/eigenskapar:
Søkjar må vere serviceinnstilt, vere omgjengeleg, samarbeidsvillig, ha sans for humor og kunne utføre oppgåver etter instruks.
Søkjar må ha førarkort og disponere bil, då det er dårleg off. kommunikasjon der kvinna bur.
Søkjar bør ikkje vere allergisk, då kvinna har katt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Tilsetjing, løn:
Tenestemottakar er arbeidsleiar og utformar i samarbeid med pleie- og omsorgsavdelinga ein oppdragsavtale som også kommunen sin representant skriv under på.
Arbeidstakar skriv timeliste, og lønsgodtgjerdsle er pr. dags dato 130,41 pr. time
Søknad:
Det er ynskjeleg at søkjar gir opplysningar om interesser, hobbyar og lignende. Dette ilag med CV og andre relevante opplysningar, bør sendast via e-post til
Svein.Berg.Rusten@Volda.kommune.no.
Volda kommune sitt søknadsskjema kan evt. nyttast og sendast til Pleie og omsorgsavdelinga, Barstadmarka 2 6100 Volda.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til ass. pleie- og omsorgsleiar tlf 7005 4003.
Søknadsfrist: 01.09.07