
100 % fast stilling som barnevernkurator.
Barneverntenesta
Ønskjer du å være med på å vidareutvikle barneverntenesta i Volda?
I Volda kommune er barnevernavdelinga organisert som eiga avdeling med leiar, 3 barnevernkuratorar, ein tiltakskonsulent og 60% merkantilt personale.
Barneverntenesta i Volda har eit tett samarbeid med barneverntenesta i Ørsta som ein ønskjer å vidareutvikle. Ein ønskjer og å få til eit tettare tverrfagleg samarbeid med helsestasjonen og PP-tenesta, spesielt med tanke på det førebyggjande arbeidet.
Barneverntenesta har ledig fast 100% stilling som barnevernkurator frå 01.01.08
For stillingane gjeld følgjande kvalifikasjonskrav:
barnevernpedagog/sosionom
er målretta og strukturert, men samstundes fleksibel
erfaring med arbeid etter lov om barneverntenester
kjennskap til BvPro/Familia som sakshandsamingssystem er ein fordel
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Du får jobbe i team med fagpersonar med høg kompetanse og lang erfaring, og ikkje minst godt humør.
Du får faglege utfordringar og høve til å jobbe kreativt og sjølvstendig
Du får vegleiing
Tilsetjing i samsvar med gjeldande avtaleverk, pliktig medlemskap og innskot i pensjonsordning.
Nærare opplysingar om stillingane ved leiar Kjellfrid Hovdenakk telf. 70058800.
Søknad framsett på Volda kommune sitt eige søknadsskjema, vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende Volda kommune, Barnevernavdelinga, Stormyra 2, 6100 Volda