Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Anne-Margrethe Mo
Dato:             08-03-06

 

KULTURMIDLANE 2006

Det vert også i år høve til å søkje om tildeling frå Volda kommune sine kulturmidlar.

Kulturmidlane vert delt ut til lag og organisasjonar i Volda kommune, som driv frivillig arbeid inannfor alle typar aktivitet, som t.d. song, musikk og dans, idrett, film,teater og drama, kunst, kulturvern og museum m.m.

Kulturmidlane kan også delast ut til enkeltpersonar som arbeider med/utmerkar seg på eit spesielt felt.

Tiltak for born og unge vert prioritert.

Lag og organisasjonar skal legge ved revidert rekneskap og årsmelding frå føregåande arbeidsår, og budsjett for inneverande år.

Spesielle tiltak/prosjekt skal legge ved kostnadsoverslag/budsjett og info om korleis tiltaket/prosjektet er tenkt finansiert og gjennomført.

Nystarta grupper skal legge ved budsjett og info om kva arbeid/målsetting gruppa har.

Søknadskjema får ein ved å vende seg til servicekontoret på Rådhuset.

Søknadsskjema finn ein og på heimesida: www.volda.kommune.no, og kan sendast elektronisk til:

postmottak@volda.kommune.no

eller

anne.margrethe.mo@volda.kommune.no


Søknad med vedlegg vert å sende til:


Volda kommune, Kultur- og næringsavdelinga, Stormyra 2, 6100 Volda

Søknadfrist: 7.april