Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Kulturkontoret
Dato:
14.02.05
VITALISERING AV VOLDAHALLEN
Prosjektgruppa for Voldahallen
v/ kulturkontoret, Volda kommune, har sendt ut følgjande brev tilHøgskulen i Volda
Volda Vidaregåande skule
Volda KFUM kameratane.
VTI Allidrett
VTI Fotball
I møte mellom Volda kommune og Idrettsrådet/brukarane den 06.12.04 vart det
nedsett ei prosjektgruppe som skal sjå på vitalisering av
Voldahallen.
Prosjektgruppa var innkalla til sitt første møte den 12.01.05 og har denne
samansetjinga. Volda kommune v/Knut Innselset, Volda
vidaregåande skule v/ Jan Vågeskar, Volda Idrettsråd v/Svein Sunde, Volda
KFUM kameratane v/Geir Humberset og VTI Allidrett
handball v/Bjørnar Osnes.
Mandatet til prosjektgruppa er å sjå på både kortsiktige og langsiktige tiltak for å gjere Voldahallen betre for huseigar, brukarane og publikum.
Av kortsiktige tiltak er det no bestemt at det i år skal på plass nye
heveveggar og volleyballstolpar/nett. I tillegg skal KFUM kameratane
og VTI Allidrett disponere kvar sin garasje for oppbevaring av eige utstyr.
Prosjektgruppa ser i dag ikkje realisme i at det kan kome ein ny
fleirbrukshall dei aller første åra for å kunne dekke opp manglande
hallkapasitet i Volda, og vil derfor sjå på ei rehabilitering/utbygging av
Voldahallen i nær framtid.
Adressatane vert med dette inviterte til å kome med innspel til prosjektgruppa på fasilitetar ein ynskjer skal kunne inngå i eit eller fleire byggesteg. Ein må kunne vurdere påbygg i begge endar av hallen.
I behovsanalysa ynskjer ein tilbakemelding når det gjeld behov for:
trenings-/kampareal, garderobar, tribunekapasitet og tilgjenge, undervisningsrom,
klubbrom / lagleiarom, sekretariatsfunksjonar, generelt utstyr, andre
arrangementsfasilitetar, lagerkapasitet o.s.v.
For at også andre skal kunne kome med innspel er informasjonen og lagt ut på kommunen si heimesider.
Det er sett svarfrist til 05.03.2005 for å kome med innspel - som vert å sende til:
Prosjektgruppa for Voldahallen v/ kulturkontoret, Rådhuset, 6100 VOLDA