Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Servicekontoret
Dato:             06.01.2005

 SPELEMIDLAR TIL KULTURBYGG

Tilskot til lokale kulturbygg.

Det kan søkast om tilskot til: nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande bygg og ombygging av andre
hus til kulturbygg. Lokale kulturbygg er allmenne kultur- og forsamlingslokaler som skal vere ein kulturell
og sosial møtestad, eigna for ulike kulturaktivitetar.

Søknader må vere innkomne til Volda kommune innan 31. januar 2005.

Søknadsskjema får de ved å vende dykk til servicekontoret på rådhuset.