Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Inger-Johanne Johnsen
Dato:
17.01.08
Ønskjer du å bli lagrettemedlem eller meddommar?
Volda kommune skal for perioden 1. mai 2008 til 1. januar 2013 velje 14 (7 kvinner og 7 menn) som lagrettemedlemmer til Frostating lagmannsrett og 120 (60 kvinner og 60 menn) som meddommerar i Søre Sunnmøre tingrett. Dei generelle krava til dei som skal veljast er: Tilstrekkelege norskkunnskapar, personleg egna til oppgåva, må ha fylt 21 år og vere under 70 år ved valperiodens start: (1.mai 2008).
Evt- spørsmål kan rettast til servicekontoret, tlf. 70058700.
Forslag på kandidatar på vere meldt inn til kommunen snarast råd, og seinast innan 1. februar.
Volda kommune,
Stormyra 2
6100 Volda
Epostadr.: postmottak@volda.kommune.no