Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Anne-Margrethe Mo
Dato:             06.07.05

 

KUNNGJERING OM UTLEGGING AV MANNTAL

Stortings- og sametingsvalet 2005

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet måndag 12. september, må du stå i manntalet.

Du kan kontrollere om du står i manntalet i Volda kommune når manntalslistene vert lagde ut på fylgjande stadar:

Volda Rådhus, servicekontoret:
Manntalet for Lid/Yksnøy, Mork, Øyra, Vikebygda og Hjartåbygda krinsar

Og hovudmanntalet for Volda kommune.

S-laget på Fyrde:
Manntalet for Fyrde, Kalvatn og Høydal krinsar

Bjørkedal Landhandel:
Manntalet for Bjørkedal krins

S-laget på Folkestad:
Manntalet for Fylsvik, Folkestad, Dalsbygd og Steinsvik krinsar

P.R.Løviks eftf.:
Manntalet for Dravlaus krins

S-laget på Lauvstad:
Manntalet for Ulvestad og Velsvik krinsar

Listene vert liggande ute f.o.m. 01.07.05 t.o.m. 09.09.05

Dersom du har flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er motteken i folkeregisteret innan 31. mai 2005, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du skal likevel manntalførast og røyste i tilflyttingskommunen.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, kan du klage til valstyret i din kommune, som skal rette opp feilen. Klaga kan vere skriftleg

Adressa til valstyret:
Volda valstyre, Stormyra 2, 6100 Volda

 

Ragnhild Aarflot Kalland
Leiar i valstyret