Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Anne-Margrethe Mo
Dato:   22.09.06         

 KULTURMIDLANE 2006

Også i år står det att ein restpott av kulturmidlane som skal tildelast lag og organisasjonar etter søknad.

Lag og organisasjonar i Volda kommune, som driv frivillig arbeid innanfor ulike aktivitetar vert prioriterte. T.d. film,teater, drama, idrett, dans, song og musikk m.m.

Enkeltpersonar som arbeider med/har utmerka seg på eit spesielt felt, kan også søkje.

Søkjarane må legge fram revidert rekneskap frå føregåande arbeidsår og budsjett for inneverande år

Spesielle tiltak skal legge ved eit budsjett/kostnadsoverslag og utgreiing om korleis prosjektet er tenkt gjennomført.

Nystarta grupper skal saman med budsjett, legge ved utgreiing om arbeid og målsetting for gruppa.

Søknadsskjema får ein ved å vende seg til servicekontoret eller ein finn det på Volda kommune si heimeside.

Tildeling vert gjort på driftstyret sitt møte 11. oktober 2006

Søknad med vedlegg skal sendast til:

Volda kommune, kultur- og næringsavd., Stormyra 2, 6100 Volda,  eller som e-post til: postmottak@volda.kommune.no