Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Astrid Gjersdal
Dato:             12. juni 2006

 

INTERNASJONALE DAGAR I VOLDA - INNBYDING TIL IDÉMØTE

I mai i fjor vart Volda kåra som internasjonal kommune. Det var Fredskorpset som sto føre denne utmerkinga, som markerte avslutninga på "Der menneske møtest", ei lita veke med yrande internasjonalt folkeliv i Volda. Å verte kåra til internasjonal kommune forpliktar, noko kommunen tek på alvor og følgjer opp.

I oktober vert det planlagt eit "Der menneske møtest" i miniatyr, Internasjonale dagar i Volda. Føremålet med desse arrangementa er å medverke til at menneske møtest og vert kjende med kvarandre og at vi i fellesskap utviklar eit endå meir inkluderande fellesskap i Volda. Det er Volda kommune,i samarbeid med Volda Handelsforeinig, Høgskulen og Frivilligsentralen som tek dette initiativet.

Førebels har Internasjonal klubb v. høgskulen teke ansvar for eit arrangement den aktuelle veka (fredagen). Laurdagen kjem Volda handelsforeining til å ha aktivitet i sentrum, men lite er enno fastlagt. Ein ynskjer dermed innspel frå alle gode krefter i Volda, og inviterer med dette til idemøte på Rådhuset, førstkomande måndag.

 

Som oppfølging av Volda som internasjonal kommune vert det 19 - 21 oktober 2006 arrangert Internasjonale dagar i Volda

Arrangørane søker idéar og innspel , og ynskjer vel møtt til

Idémøte, måndag 19. juni 2006

kl. 17.00, på Rådhuset, møterom A.