Kunngjering frå Volda kommune
Søk tilskot til bygdemobilisering
Treng bygda di eit løft? Hoppid.no vil invitere lag og organisasjonar til å søke om støtte til bygdemobilisering. Fristen er 15. oktober 2007.
Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivast, og ungdom finn ei attraktiv framtid. Det blir gjeve støtte til samarbeid om entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, trivselstiltak og busetjing. Bygdemobiliseringa er ein del av satsinga på småsamfunn i hoppid.no, og er støtta frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Søknad frå lag eller organisasjonar, som ønskjer å satse på bygdemobilisering, må sendast innan 15. oktober 2007. Søknaden sender du om landbruksforvaltninga i kommunen til:
Møre og Romsdal fylke
Landbruksavdelinga 6404 Molde
Les meir på www.hoppid.no
Med helsing
Eivind Ryste
Møre og Romsdal fylke, landbruksavdelinga
Fylkeshuset, 6404 Molde