Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Roger Nedreklepp
Dato:
24.04.06
HJORTETELLING 2006
Den første av to hjortetellingar vart gjennomført natt til laurdag 22. april i Volda såvel som i dei andre kommunene på søre Sunnmøre.
Våren i år er relativt sein, og i viltforvaltninga var ein spent på telleresultatet. Det er rapportert om mykje hjort på markane og ved vegane i kommunen i seinare tid, og seinast onsdag i påskeveka måtte ei kolle avlivast ved Ullaland etter påkøyring.
Resultat av første vårtelling vart 734 dyr, dette er eit rimeleg snitt av første telling. Sidan 2000 har vi hatt to tellingar kvar vår, og desse har svinga frå 476 dyr i 2003 til rekordtelling i fjor på 1101dyr. Det vart med andre ord telt 317 dyr færre i år enn i fjor.
Alle dei seks rodene hadde nedgang i tellinga, størst nedgang i roda Berknes - Nordal. Ny telling vert natt til 6. mai, og ein vil vente på resultatet for den andre tellinga før ein vurderer det samla resultatet 2006.
Resultat av 1. telling i 2006 og 2005:
| Rode | 2006 | 2005 |
| Berknes - Norddal | 110 | 184 |
| Vikebygda - Geitvik | 54 | 77 |
| Austefjorden | 318 | 352 |
| Bjørkedal - Bjørneset | 61 | 107 |
| Straumshamn - Åmelfot | 139 | 236 |
| Velsvik - Innselset | 102 | 145 |
| SUM | 784 | 1101 |