Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av: Roger Nedreklepp
Dato:             10. januar 2006

 

FELLINGSRESULTAT HJORTEJAKTA 2005

Tildelinga for hjortejakta 2005 var 19 fleire dyr enn i 2004, fellinga synte likevel ein nedgang på 16 dyr i høve til fjoråret(2004),
dette resulterte i at fellingsprosenten fall frå 80 % i 2004 - den høgaste Volda nokon gong har hatt - til 73 % for 2005.

Når løyva gjekk såpass opp frå 2004 til 2005 skuldast det i vesentleg grad at det vart oppretta to nye bestandsplanområde - Austefjord Hjortevalt og Bjørkedal Utmarkslag - utfrå historisk kvote fekk desse auka tildeling i høve til dei siste åra.

I Volda er der no tre bestandsplanområde, i tillegg til dei to nemnde er også Dalsfjord Utmarkslag - det vart oppretta i 2004.

Rettshavarane i bestandsplanområda har utarbeidd forvaltningsplanar og får tildelt 3-årige avskytingsavtalar. I utgangspunktet skal desse forvaltningsområda ha ei betre tilpassa og fleksibel forvaltning enn dei "vanlege" valda.

Det er eit mål at all hjortejakt i kommunen skjer etter slike forvaltningsplanar - dei tre bestandsplanområda dekker i dag grovt halvparten av arealet og felte dyr i kommunen.

Det kommunale viltfondet vart tilført kr. 96.900.- frå hjortejakta i år.

 

Sjå statistikk (pdf-format)