Kunngjering frå Volda kommune

 

Publisert av: Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland
Dato:             03.01.05

KOMMUNAL HELSEBEREDSKAP I VOLDA

På bakgrunn av hendingane i Søraust-Asia, minner vi om at Volda kommune har skjerpa beredskap
i dei aktuelle avdelingane.

Ved behov for kontakt utanom kontortid kan ein ringe vaktsentralen - telefon 700 77266 - og ein vil då bli
satt i kontakt med vakthavande lege, eventuelt den kommunale omsorgsberedskapsgruppa i Volda kommune.


Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland