Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Berit Koen
Dato:
14.03.07
Informasjon om tilskotsmidlar til lavterskel fysisk aktivitet
Ved Stortinget si handsaming av Budsjettinnst. S. nr. 11 (2003-2004) blei det etablert ei tilskotsordning til førebyggjande helsearbeid gjennom økt fysisk aktivitet i befolkninga, særleg blant barn og unge.
Midlane skal fordelast til lokale lag og foreiningar som driver aktivitetsfremjande arbeid med den inaktive delen av befolkninga som målgruppe.
Tilskotsordninga er eit ledd i oppfølginga av Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009, Saman for fysisk aktivitet.
Det er dei regionale partnarskapa som forvaltar tilskotsordninga. Det er for 2007 totalt 9,5 mill kr til fordeling. Summen vil bli fordelt likt på fylka, kr 500.000 pr. fylke. Midlane skal gå til å initiere eller vidareutvikle samarbeid om lavterskelaktivitetar med frivillige organisasjonar i lokalmiljøet. Målgruppa er dei som er for lite fysisk aktive og dei som fell utanfor dei ordinære aktivitets- og idrettstilboda. Det er eit siktemål å stimulere utvikling og etablering av varige aktivitetstilbod som sjåast i samanheng med satsingar forankra i det kommunale plansystemet. Det er ein føresetnad at det normalt ikkje skal gis tilskot til anlegg og større innkjøp av utstyr.
Med bakgrunn i det statlege økonomireglement skal det ikkje utbetalast midlar til lag og foreiningar som ikkje har rapportert på midlar for 2006.
Merk søknaden ”God
Helse midlar”, og send den til:
Møre og Romsdal fylke, Kulturavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde
Epost: post@mrfylke.no