Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Knut Innselset
Dato:
31.10.07
FOLKESTAD GAMLE SKULE
Volda kommune vurderer å selje Folkestad gamle skule gnr/bnr. 107/33.
Skulen vert selt med tomt på ca 1.5 mål, til høgstbydande, med atterhald om godkjent pris.
Meir opplysningar får ein ved å vende seg til eigedomsavdelinga ved Knut Innselset
Tlf 70058770/41502975, eller på e-post til Volda kommune.
Området er regulert til offentleg formål, men det kan søkjast om omregulering.
Dersom kommunen ikkje oppnår akseptert pris, kan det verte utlyst på nytt.
Tilbod til Volda kommune: Før 12.11.07 kl. 12.00. Merk: Folkestad gamle skule.