Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av:  Reidulv Langvatn
Dato:             17.11.05

 

OPPMODING OM KOKING AV DRIKKEVATNET

Ved prøvetaking på Volda vassverk sitt nett tysdag 15. nov. 2005 vart det, ved analysen av prøva på Nordvestlab as i Dragsundet, påvist 1 koliform bakterie i ei av prøvene.

Med den prosedyre som er avtala med Mattilsynet i Ulsteinvik skal det då kunngjerast oppmoding om koking av drikkevatnet.  Dette vart gjort ved å ta kontakt med NRK.
Vidare er det gitt spesiell melding til Sjukehuset, til Volda omsorgssenter og til næringsmiddelbesdriftene i Volda.

1 bakterie i ei prøve er særs lite. Men prosedyren er at det vart teke ny prøve så snart ein var kjende med dette prøveresultatet. Det vart difor teken ny prøve idag, som er send til Nordvestlab AS. Resultatet av denne vil ligge føre i morgon, 18.11.05.

Om denne nye prøva er rein, vil det likevel bli tekne nye prøver i påfylgjande dagar over helga for å stadfeste resultatet.

I tillegg vil vatnet, i denne avklaringrperioden, bli svakt klora for å forsterke rensinga.

Grunnen til påvisinga av 1 koliform bakterie trur vi skuldast den ekstreme nedbøren som kom i helga og i førstninga av denne veka. Det har då truleg vore stor utvasking av flytestoff i nedbørsfeltet, og at dette er kome inn i leidningsnettet.

Men vi ser heller ikkje bort frå at det, i og med at det er berre 1 bakterie, også kan vere sjølve arbeidet med prøva som kan vere årsaka.

Vi avventar difor resultat av ny prøve.