Kunngjering frå Volda kommune

Publisert av:  Nina Kvalen
Dato:             27.04.05

Volda får heidersnemninga "Internasjonal kommune"

Under festaftan tysdag 10. mai i Berte Kanutte-kantina på Høgskulen i Volda vil ordførar Ranghild Aarflot Kalland, på vegner av innbyggjarane i Volda, få overrekt heidersprisen "Internasjonal kommune". Dette vert feira med nesten ei heil veke med ulike arrangement under parolen "Der menneske møtest", der den store festaftan med Shabana Rehman i spissen er kruna på verket.

Heidersprisen er innstifta av Fredskorpset og Kommunenes Sentralforbund (KS) og er ei påskjøning til kommunar med breitt internasjonalt engasjement lokalt og globalt.

Heidersprisen forpliktar! Tysdag 10. mai vert det arrangert framtidsverkstad i Kårstadbygget på Høgskulen i Volda. Representantar frå offentleg, privat og frivillig sektor vert innbodne. Framtidsverkstaden skal vere ein kreativ prosess, der ein lyfter opp aktuelle saker og utfordringar, som vert presenterte for ordføraren på festaftan seinare same dag. Både framtidsverkstaden og festaftan er ope for media.

Arrangementet "Der menneske møtest" i Volda 6. - 11. mai 2005 (program i pdf-format)

Målet med arrangementet "Der menneske møtest" er å drive haldningsskapande arbeid, skape engasjement rundt nord/sør tema, kaste lys på og framheve det lokale internasjonale engasjementet, skape nettverk og arena for samhandling mellom menneske med ulik etnisk og kulturell bakgrunn.

Les meir på www.fredskorpset.no og på sida om Der menneske møtest

Fredskorpset si pressemelding om Volda som "Internasjonal kommune" og arrangementet "Der menneske møtest" i Volda 6.-11. mai 2005:

Høgskulen om arrangementet "Der menneske møtest" i Volda (17.03.05)