Kunngjering frå Volda kommune
Publisert av: Torgeir Stensø
Dato:
15.02.05
AVGIFTSPARKERING I VOLDA SENTRUM - OFFENTLEG HØYRING
Etter vedtak i i formannskapet i sak 000541/05 den 07.02.05 vert UTGREIING AVGIFTSPARKERING
I VOLDA SENTRUM lagt ut til offentleg høyring.
Utgreiinga omfattar Volda sentrum med avgrensing som vist på kartutsnittet, men det vil vere aktuelt å vurdere ei vidare avgrensing.

Utgreiinga er lagt ut ved servicekontoret og folkebiblioteket i rådhuset i perioden 15.02.05 – 15.03.05
Eventuelle merknader/innspel til utgreiinga skal sendast til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, innan 15.03.05. Kommunen inviterer alle som har interesser i saka til medverknad og innspel. Nærare opplysingar i saka kan ein finne på Volda kommune si heimeside eller ved å vende seg til sakshandsamar i kommunen, telefon 70058755.
E-post adresse postmottak@volda.kommune.no Heimeside: www.volda.kommune.no
Administrasjonssjefen