Vår ref Løpenr. Arkivkode Dykkar ref.
PH-02/02273 004577/04 L10 &18

PLANSEKSJONEN

Handsaming av:

PRIVATE REGULERINGSPLANAR, PBL § 30

 

Rettleiing/orientering

Volda den 15.08.2002.

 

 

 

Saksgang Private Reguleringssaker:

Heimelsgrunnlag for fremjing av private reguleringsplanar går fram av Plan og bygningslova § 30.

Tilsvarande gjeld fremjing av private bebyggelsesplanar etter reglane i pbl § 28-2.

Reglar for sakshandsaming i slike saker er den same som for offentlege/kommunale planar og framgår av pbl § 27 – 1. Her viser ein også til den plikt som ligg til den som utarbeider slike planar etter reglane i pbl § 9-3 og §16, om samordning og samråd med faginstansar på stat, fylke og kommunenivå., og aktiv medverknad frå partar og interessegrupper i planarbeidet.

For endring og/eller oppheving av planar vert å vise til reglane i pbl § 28-1 og pbl § 27-1 som gjeld tilsvarande.

Det vert elles å vise til at regulering- og bebyggelseplan skal utarbeidast av fagkunnige, og at dei skal gjevast eintydig og forståeleg form.

I dette ligg at planen skal utformast i samsvar med gjeldande norm for utforming av regulerings/bebyggelsesplanar, gitt i vegleiar T1381 frå Miljøverndep.

Alle planar, også private reguleringsplanar og bebyggelsesplanar, skal utarbeidast også i digital form, og leverast kommunen på sosiformat, sosi –nivå 4, eller som Win-map 32 base.

Planoppstart:

Den som skal/ynskjer å fremje privat regulering eller bebyggelseplan bør før planlegginga blir satt i gang legge reguleringsspørsmålet fram for kommunen(administrasjonen eller det faste utval i plansaker).

Kommunen kan gi råd om planen bør utarbeidast og kan bistå i planarbeidet. (jf. pbl § 30).

Kommunen kan også bestemme at kommunen sjølv vil fremje plan for området.

Frå det tidspunkt at eit privat reguleringsplanframlegg er fremja av det faste utval i plansaker for utlegging til offentleg ettersyn, er planen å sjå som ein ordinær kommunal plan, og saksgang og kostnader for vidare arbeid med plan ligg til kommunen.

Gebyr:

Etter vedtak i kommunestyret i sak 004/2002, den 31.01.2002, er det innført gebyr for handsaming av private reguleringsplanar. Satsane for gebyret er basert på kommunen sine kostnader med sakshandsaming av plan fram til offentleg ettersyn. Gebyret er tredelt:

Sakshandsamingsgebyr reguleringsplanar: kr. 5.740.-

Arealgebyr (inntil 5000m2) kr. 16.456.-

+ for kvar 1000m2 kr. 1.025.-: kr.

Gebyr for manglande dig. planframstilling: Dobbelt gebyr (100% auke)

Bebyggelsesplanar : 50 % av satsane for reguleringsplan, (regulativet pkt. C05 og C06)

Betaling:

Sakshandsamingsgebyr og arealgebyr vert utsendt straks melding om planoppstart er motteke og skal vere betalt før saka vert fremja for handsaming etter pbl §27-1 nr, 2.

 

Kontaktperson i kommunen:

For reguleringssaker er kontaktperson i Volda kommune:

Planleggjar Per Heltne, telef. 70058717

Postadresse er: Volda kommune, planseksjonen , Stormyra 2, 6100 Volda

e-post : postmottak@volda.kommune.no

per.heltne@volda.kommune.no

Høyringsinstansar ved førehandsuttale (pbl § 27-1 nr. 1, jf. § 9.3 og § 16) og ved offentleg ettersyn, jf. pbl § 27-1 nr. 2.

(må tilpassast den enkelte plan-prosjekt)

 

Andre: