Info om Volda

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 
 

 

          Sist oppdatert 18.10.07



Volda kommune har om lag 8400 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane bur nær sentrum, men bygda er framleis å rekne som ein viktig landbrukskommune. Med kort veg til dei kjende sunnmørsalpane, fjordar og fjell, er Volda ein attraktiv stad for dei som ønskjer å utforske den vestlandske naturen.

Volda har eit rikt kulturliv med blant anna fleire lag, kor og korps. Kulturskulen driv opplæring i song, spel og teikning/måling. I kulturskulen sin regi finst det m.a. fleire band og aspirant-, junior- og ungdomssymfoniorkester. Kulturskulen vert driven i kommunal regi. Det same vert folkebiblioteket, idrettshallen, ungdomsklubben og kinoen på Samfunnshuset.



Frå hamna i Volda.

Kunstlaget i Volda er blant dei eldste på landsbygda og ein kan vise til kjente kunstnarar som blant anna Jens Munthe Svendsen, f.1869 i Volda. Han gav skulptursamlinga si til Volda kommune i 1949, og ho er i dag plassert i Sparebanken Volda Ørsta sine lokale.

Voldakyrkja er kommunen si stoltheit og har blitt eit symbol.

Kommunen markerar seg og sterkt innan idrett og har lag innan dei fleste idrettsgreiner; fotball, volleyball, handball, symjing, ballett, turn, judo, tennis og alpinsport osb. Skientusiastane kan boltre seg med skitrekk og flaumlysløyper. Elvadalen med sitt unike nærmiljøanlegg blir også mykje brukt av turgåarar.

Volda satsar stadig meir på turisme. I Dalsfjorden finn ein kyst- og kultursentret med fyrmuseum, og i Bjørkedalen er det båtbyggjartradisjonane som står i fokus.

Kommunen er sterkt inne i dei mange musea med faste tilskot til Volda bygdetun, Austefjord museum og Sivert Aarflot-museet. Ved sistnemnde kan ein sjå trykkeriinventar frå den første tida i trykkeriet si historie. Trykkeriet på Egset var det første på landsbygda i Noreg. Sivert Aarflot starta og det første biblioteket på landsbygda, der mellom andre  Ivar Aasen var ein hyppig gjest.

I over hundre år har den vesle bygda på Vestlandet samla ungdom til høgare utdanning. Omlag 2300 studentar finn årleg vegen til Høgskulen i Volda, som mellom anna er kjent for medieutdaninga. Studentane utgjer ein stor del av innbyggjarane i Volda, og set sitt preg på livet i bygda. Dei arrangerer kvart år Dokumentarfilmfestivalen, som er kjend over heile landet. Den årlege studentveka blir dessutan rekna som det nest største kulturarrangementet i Møre og Romsdal.