VELKOMEN TIL VOLDA HELSESTASJON.
Adresse: Stormyra 2, 6100 Volda. ( i underetg. på Rådhuset ).
Tlf: 70058820
Kontortid: 8.30 – 15.00.
E-post:
Leiar: Anne Årsnes Skrede.
Helsestasjonen er knytt til helseavdelinga.
På helsestasjonen har vi 5 stillingar for helsesøstre. Vi har helsestasjonslege kvar onsdag og annankvar mandag,
skulelege/helsestasjonslege kvar tirsdag og kontorpersonale for både helseavdelinga og helsestasjonen. I
svangerskapsomsorga har vi 2 jordmødre i til sammen 80 % stilling.
I tillegg til helsestasjonen i Volda, har vi helsestasjonsdagar både i Austefjorden og i Dalsfjorden.
Alle som arbeider på helsestasjonen har teieplikt.
Nyttig informasjon frå helsestasjonen:
Helsestasjonen si målsetting:
Tenester vi tilbyr på helsestasjonen:
Det arbeidet som helsestasjonen utfører, er ein del av kommuna si samla teneste.
Svangerskapsomsorga
Jordmødrene gir tilbod om svangerskapsomsorg i samarbeid med legane på Volda legesenter.
Vi har tilbod om svangerskapsbading kvar veke, samt tilbod til alle om foreldreførebuande kurs.
HELSESTASJON OG SKULEHELSETENESTA
På heimebesøket 1 eller 2. veke etter fødsel, ynskjer helsesøster, evt jordmor å knytte kontakt med familien,
samt gje vegleiing og støtte i omsorga for barnet.
Vidare har alle barn rett til regelmessig oppfylging utifrå individuelle behov, fram til dei går ut av vidaregåande
skule. Godt samarbeid med foreldra er viktig for at barnet skal få den oppfylging dei har rett på.
Alle ungdomskuleelevane i Volda har høve til"treff-tid" hjå helsesøster på skulen, og på Volda vg.skule er det
ei helsesøster i 50% stilling.
Viktige samarbeidspartar for oss er foreldra, tilsette i barnehage/skule, Pedagogisk-Psykologisk Teneste (PPT),
barnevern, sosialkontor, fysioterapeut og spesialisthelsetenesta.
På helsestasjonen kan ein få vegleiing og støtte i spørsmål om barnet sine fysiske, psykiske og sosiale behov som t.d;
Det er viktig at ein møter til avtalt tid på helsestasjonen.
Er ein forhindra frå å møte, må ein melde ifrå.
HELSESTASJON FOR UNGDOM
Tilbodet om helsestasjon for ungdom er tenkt som eit lavterskeltilbod til ungdom på ungdomskule/vidaregåande
skule opp til 20 år. Ungdom kan då møte opp og få snakke med lege, jordmor/helsesøster og sjukepleiar
frå psykiatritenesta utan timebestilling.
Åpningstid: Tirsdag 15.00 – 16.30.
http://volda.org/hfu/
REISEVAKSINER
Helsestasjonen har også tilbod om reisevaksinering. Vi har helsesøstre som har ansvar for planlegging av
vaksiner utifrå reisemål og type opphald, og det er viktig at den reisande tek kontakt med oss i god tid før
avreise. Ofte er det nødvendig med fleire doser av ei vaksine for at den skal virke godt nok. Vaksiner som
kjem i tillegg til barnevaksinasjonsprogrammet, må ein betale for.
SJUKE BARN
På helsestasjonen har vi ikkje høve til å behandle sjuke barn. Denne oppgåva er lagt til Volda legesenter,
og ein ber om at foreldra tek kontakt dit dersom det er behov for legetilsyn.
Telefonar for øyeblikkeleg hjelp:
Volda legesenter – ekspedisjon 70 05 89 00
Gift-informasjonssentralen 22 59 13 00