![]() |
Isaias
Martines, UCIRI, ein fattig, men stolt kaffebonde frå Mexico, seier: ”Vi trenger ikke veldedighet, vi er ikke
tiggere. Hvis vi får en anstendig pris for kaffen vår kan vi klare oss uten
veldedighet”
Kvifor Fairtrade?
Millioner av landlause arbeiderar og småbønder får ikkje det alle har krav på:
nok til å brødfø familiane sine, sende borna sine på skule, og litt ekstra for
å kunne investere i bærekraftig utvikling. Fordelane ved internasjonal handel
er dessverre ikkje like tydelige for alle menneske i verda. Småbønder har liten
tilgang på marked og prisinformasjon, og blir difor i aukande grad avhengige av
mellommenn. I nedgangstider mister mange si eiga jord, og dermed levebrødet
sitt. I tillegg er det mange plantasjearbeiderar som ikkje får nyte godt av
auka handel på verdsmarknaden. Mange lever med låge lønningar, utrygge
arbeidsforhold og dårlege levekår. Ofte har dei ikkje rett til å organisere seg
for å forsvare sine rettigheiter , eller høve til å delta i avgjersler som
gjeld deira eigne liv på plantasjen.
Stiftinga Fairtrade Max Havelaar Norge
Stiftinga Fairtrade Max
Havelaar Norge kjøper og sel ikkje produkt, men sertifiserer varene med det
internasjonale Fairtrademerket. Dette er garantien for at varene er produsert
og omsett i tråd med internasjonale standardar for Fairtrade. Stiftinga er ein
non-profit organisasjon. Strenge kontrollmekanismer sikrar Fairtrade-standarden
og kontrollerer verdikjeden - heilt fram til
handlekorga vår.
Volda Kommune:
Volda kommune er utpeika
av KS og Fredskorpset til å vere ei Internasjonal kommune. Også andre tilhøve
låg til rette, slik at det i juni 2007 vart skipa ei styringsgruppe, som skulle
jobbe for å gjere Volda til ei Fairtradekommune. Gruppa består av ulike
frivillige og politiske lag og organisasjonar, og jobbar for å få på plass alle
krav frå Fairtrade Norge.
Representantar frå Krf og SV tok initiativ overfor kommunale organ, og
i eit samrøystes vedtak kommunestyret den 18.10.07 vart dt slått fast at Volda
kommune ville bli aktiv deltakar i arbeidet for Fairtrade. Volda kommune tek i
bruk Fairtradekaffi og -te på møter, og vil oppmode dei tilsette om å ta
produkta i bruk i sine private kaffiordningar. Vedtaket var den siste delen som
mangla, og styringsgruppa sendte søknad om fairtradesertifisering kort tid
etter.
Tekst: Stefan König, for styringsgruppa