Hjelpemiddelformidling
Kven kan få hjelpemidlar:
Alle som bur i Volda Kommune, medrekna flyktningar og nordmenn som oppheld seg midlertidig i kommunen , og som har problem på grunn av sjukdom, skade eller medfødt funksjonshemming, kan søke om hjelpemidlar for å betre funksjonsevna i dagleglivet , under skulegang eller i arbeidslivet.
Ein skil mellom midlertidig utlån der du treng eit hjelpemiddel i kortare tid (under 2 år) Her kan hjelpemidlet lånast ut frå kommunalt lager. For eksempel krykker og toalettforhøgar
Varig utlån er det når du har et behov som vil vare over 2 år. Då kan hjelpemidlet lånast ut frå Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal.
Alle utlån av hjelpemiddel er gratis.
Korleis få hjelpemidlar.
Midlertidig utlån: Ta kontakt med heimetenestene eller ergoterapeut. Hjelpemidlar blir lånt ut frå kommunen sitt lager på Volda omsorgsenter.
Varig utlån: Ergoterapeuten er den som er hjelpemiddelkontakt i kommunen. Ergoterapeuten kartlegg behov og fyller ut søknadsskjema til rikstrygdeverket.
Når søknaden er innvilga leverer hjelpemiddelsentralen hjelpemidlet til kommunalt lager. Lageret ligg på Volda Omsorgssenter. Vaktmeister køyrer ut hjelpemidla til brukar, eller brukar kan hente det sjølv.
Enkle servise og reparasjonar blir utført av vaktmeister. Meir omfattande reparasjonar blir utført av Hjelpemiddelsentralen.
Hjelpemidlar som skal tilbake retur skal hentast/leverast til kommunalt lager ved Omsorgssenteret
Korleir søke om hjelpemiddel:
Ta kontakt med ergoterapeuten i kommunen. Kontor er på Volda Omsorgssenter, Barstadmarka 2. Tlf. 70 05 40 56 eller mobil 99 09 18 51.
Du kan og ta kontakt med heimetenestene eller fysioterapeutane i kommunen.
Vil du vite meir om lover og regler som gjeld når du skal søke om hjelpemidlar kan du gå inn på www.trygdeetaten.no.