Betalingssatsar for skulefritidsordninga
og kulturskulen frå 01.08.04

 

KOMMUNESTYRET hadde den 25.03.04 føre ovannemnde som sak 0038/04, der det vart gjort slikt vedtak:


Skulefritidsordningane.

Betalingssatsar i skulefritidsordningane i Volda kommune frå 01.08.04.

Sentrum: Pr. månad i 11 månader: 1-3 dagar pr. veke: Kr. 1 150.
4-5 dagar pr. veke: Kr. 1 925.

Matpengar pr.mnd: 1-3 dagar: Kr. 75.
4-5 dagar: Kr. 130.

Dei andre krinsane: Pr. månad i 10 månader: 16 timar pr. veke: Kr. 1 300.

I skulefritidsordningar med avvikande opningstid vert betalinga utrekna i høve til prisen for 16 timar opningstid.

Enkelttimesatsen for alle skulefritidsordningane vert uendra: Kr. 20.

 
Kommunestyret ber administrasjonen legge fram ei sak med totalvurdering av skulefritidsordningane, inkludert  meir fleksible løysingar, i god tid før neste budsjettbehandling.

 

 

Volda kulturskule.

Betalingssatsane for Volda kulturskule frå 01.08.04.

Pr. semester for undervisning individuelt og i smågrupper: Kr. 1 000.

Pr. semester for orkestermedlemsskap: Kr. 495.

Pr. semester for instrumentleige: Kr. 165.

Pr. semester for materiell til Volda kulturskule: Kr. 165.

Det vert ikkje gjeve syskenrabatt i Volda kulturskule.

Kommunestyret føreset at auken i inntektene kjem kulturskulen til gode slik at det kan vere mogleg å auke aktiviteten, og dermed få ned ventelistene.